Brandcode
Visuell identitet
Vossafår
Brand code
Identitet

Tradisjonsberar med djupt rotfeste i Voss

Etter mange år i same drakt var det ønskeleg å verkeleg styrke det som er bra med Vossafår.

Bakgrunn

Vossafår kommer i ei lita rød pakke. Pølsa er laga på Voss og har ein lang og spennande historie som startar heilt tilbake i 1937.

Sjølv om mykje av arbeidet den gong var manuelt, er smaken fortsatt den same gode. Vossafår er eit ekte norsk tradisjonsprodukt med ein unik smak.

Etter mange år i same drakt var det ønskeleg å styrke det som er bra med Vossafår, men samstundes omhyggeleg verne særpreget som har gjort dette til Noregs mest etne fårepølse.

Oppgåve og løysning

Behalde særpreget i eksisterande design med fortsatt god avstand til konkurrentane, men samstundes oppdatere uttrykket til å passe dagens marknad og trygge betre synlegheit i påleggshylla.

Rotfesta makeover

Særpreget er sikra gjennom Vossadamen (Huldra), som endeleg bevis på at dette er ein tradisjonsberar med djupt rotfeste i Voss.

Damen har fått ein etterlengta makeover i form av feiande flott illustrasjonsstrek og nærare kontakt med Vossafårlogoen.

Pakninga er meir synleg i hylla med breiare raude sideflater, større logo og økte kontrastar – og dermed også meir lesbare tekstar. Kartongane har også fått ei oppdatering med gild raud profilfarge.

Særpreget til Vossafår er behalde, men det skal nå være lettare å få auge på den høgt elska, vesle pakka.